Fjellgeitkveld 21.november

Torsdag 21.november klokka 18:00 blir det Fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim.

Det blir premiering, servering, utlodding og framsyning av bilete frå årets turar.

Konferansier: Elias Sperstad
Lydansvarleg: Geir Byre

Vi vil gjerne ha inn bilete som kan synast fram på Fjellgeitkvelden! Har du fine bilete, sjå gjennom dei og sorter ut 5-10 stk du ynskjer å dele med andre Fjellgeiter. Lagre dei på minnebrikke eller CD og lever til ein av oss i Fjellgeitstyret. Du kan og sende bilete pr epost til Olav Øiberg på epost:

PS: Hugs at Fjellgeitfoldarane skal inn innan 15.oktober. Lever dei hos Lien Sykkel og Sport eller på biblioteket.

Programmet blir oppdatert ettersom kvelden nærmar seg.

Vel møtt til små og store Fjellgeiter!